– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hjelp eg eig eit gamalt hus (på Voss) Kveld 4/4: Kva kan eg gjera sjølv?

ons15mai19:00ons20:30Hjelp eg eig eit gamalt hus (på Voss) Kveld 4/4: Kva kan eg gjera sjølv?19:00 - 20:30(GMT+00:00)

Eldre hus. Ser ut til å vere kvitmåla. Svart kvitt foto. Kvinne i eldre kledestil står på steintrapp framom huset.

Om arrangementet

Me gjentek suksessen og inviterer til fire kurskveldar med ulike problemstillingar knytt til eldre hus. Målgruppa for kurset er eigarar av hus som ynskjer å bli tryggare på verdivurdering, støtteordningar, materialkunnskap og vedlikehald.
—-
Bur du i eit hus frå 70-åra, skal du overta eit hus frå 1800-talet, eig du ei gamal røykstove, har du ei løe, eller er du nysgjerrig på bygningsvern? Me ynskjer å tilby fagleg påfyll og eit hyggeleg møte mellom fagkyndige og huseigarar i området. Her kan alle læra meir om korleis ein set i stand eller tek vare på sitt gamle hus på ein berekraftig måte. Det vert sett av god tid for erfaringsutveksling, spørsmål og diskusjon.
Kveldane vert leia av arkitekt og bygningsvernkonsulent Tora Lie Brunborg frå Voss folkemuseum og kulturminnekonsulent i Voss herad Anne Arneberg.
Du kan delta på alle fire eller velja ut den kurskvelden som er mest relevant for deg. Pris per kveld: kr 120,-
KVELD 4: KVA KAN EG GJERA SJØLV?
Onsdag 15. mai, klokka 19:00 – 20:30, Voss folkemuseum
Me vil gje ein overordna introduksjon til kva ein som huseigar sjølv kan gjera for å unngå forfall. Kveldens fokus vil blant anna ligga på vøling av skifertak, istandsetjing av vindauge og bruk av materialar og verktøy.
Meir info kjem.
Du treng ikkje melda deg på til denne kurskvelden.

Tid

(Onsdag) 19:00 - 20:30(GMT+00:00)