– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Det er eit repeterande arrangement

Folkemusikk med Siri Nordgård i juli

julFolkemusikk med Siri Nordgård i juliArrangement som går heile månaden (juli)(GMT+00:00)

Kvinne spelar toradar

Om arrangementet

I sommar er museet igjen vertskap for den prisvinnande toradarspelaren Siri Nordgård. Kvar vekedag i juli held ho minikonsertar på Mølstertunet kl 13, kl 14 og kl 15. Konserten kl. 13 er særskilt for born. Under tittelen Spel, song og segn med Siri, er det lagt opp til ei kjekk lita stund med dei minste museumsgjestene våre.

Siri Nordgård kjem frå Vossestrand og gjekk heilt til topps i juniorklassen i durspel under Landskappleiken i 2018. Den overtydande sigeren viser at ho har ei skinande framtid innan folkemusikken. I tillegg til speloppdrag er Nordgård i dag elev ved Ole Bull akademinet.

Velkomen til stemningsfulle stunder på tunet vekedagar i juli!

Konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Tid

Arrangement som går heile månaden (juli)(GMT+00:00)