Det er eit repeterande arrangementjuli, 2023
Folkemusikk med Siri Nordgård i juli
julFolkemusikk med Siri Nordgård i juli
Om arrangementet
I sommar er museet igjen vertskap for den prisvinnande toradarspelaren Siri Nordgård. Kvar vekedag i juli held ho minikonsertar på Mølstertunet kl 13, kl 14 og kl 15. Konserten kl.
Om arrangementet
I sommar er museet igjen vertskap for den prisvinnande toradarspelaren Siri Nordgård. Kvar vekedag i juli held ho minikonsertar på Mølstertunet kl 13, kl 14 og kl 15. Konserten kl. 13 er særskilt for born. Under tittelen Spel, song og segn med Siri, er det lagt opp til ei kjekk lita stund med dei minste museumsgjestene våre.
Siri Nordgård kjem frå Vossestrand og gjekk heilt til topps i juniorklassen i durspel under Landskappleiken i 2018. Den overtydande sigeren viser at ho har ei skinande framtid innan folkemusikken. I tillegg til speloppdrag er Nordgård i dag elev ved Ole Bull akademinet.
Velkomen til stemningsfulle stunder på tunet vekedagar i juli!
Konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Tid
Arrangement som går heile månaden (juli)(GMT+00:00)
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)