Camilla Hole trio
sun08des14:00Camilla Hole trioModerne folkemusikk
Om arrangementet
CAMILLA HOLE saksofon FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass KNUT KVIFTE NESHEIM trommer/vibrafon Sundag 8. desember kl 14 kan du oppleva jazzmusikarar tolka folkemusikk i Kabuso – og alt ligg til rette for
Om arrangementet
CAMILLA HOLE saksofon
FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass
KNUT KVIFTE NESHEIM trommer/vibrafon
Sundag 8. desember kl 14 kan du oppleva jazzmusikarar tolka folkemusikk i Kabuso – og alt ligg til rette for eit spanande konsert.
Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, han skal førast vidare av – og til – alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane. Med denne innstillinga tar Camila Hole – saksofonist frå Breim i Nordfjord, utdanna i Stavanger og Telemark, og busett i Oslo – ny og gamal folkemusikk frå Sogn og Fjordane, og tolkar dei med moderne instrument og eigne preferansar. Kombinasjonen lét moderne og samstundes utruleg vakkert. Med seg har Hole fått Fredrik Luhr Dietrichson frå mellom anna Moskus og Skadedyr, samt Knut Kvifte Nesheim frå BenReddik og Fri-Ensemblet.
Saman finn dei essensen i musikk som har blitt vidareført gjennom generasjonar og tilfører det noko eige og ekstra.
Tid
8. desember 2019 14:00(GMT+00:00)
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)