Bornas Kabuso
lau25sep12:00lau14:00Bornas KabusoKreativ verkstad
Om arrangementet
Haustens første Bornas Kabuso er ein drop-in verkstad med temaet hausttrykk. Om hausten er skogen full av spanande vokster. I denne kreative verkstaden skal me bruka sopp, haustlauv og andre gjenstandar
Om arrangementet
Haustens første Bornas Kabuso er ein drop-in verkstad med temaet hausttrykk.
Om hausten er skogen full av spanande vokster. I denne kreative verkstaden skal me bruka sopp, haustlauv og andre gjenstandar ein kan finna i skogen til å trykka med. Resultatet vert flotte former og overraskande mønster.
Kortfilmar i filmkroken.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born med kring 4 arrangement i halvåret.
Medlemsskap kostar 70 kroner, som gir gratis inngang til alle arrangementa i klubben.
Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Laurdag) 12:00 - 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons22jan18:00ons20:00Utvandrarjubileum 2025 - forteljarkveld
Om arrangementet
Har du ei spanande historie knytt til utvandring frå Voss ? Bli med på forteljarkveld på Voss folkemuseum 22. januar.I
Om arrangementet
Har du ei historie frå eigen familie om utvandring til USA på 1800-1900-talet som du vil dele? Då er dette arrangementet for deg. Me søkjer interessante og spanande historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Historiane kan bli råstoff til Memoar sitt prosjekt «Migrasjonsminne», samt for utvikling av tekstar og musikk til Fjellkoret sitt storprosjekt «Det løfterike landet». Begge prosjekta vert kort presentert innleiingsvis. Her vil óg Eirik Helleve, som skriv bok om utvandringa frå Voss, fortelja litt om sitt prosjekt. Men kvelden er altså fyrst og fremst sett av til innspel og forteljingar frå dei frammøtte.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)