Litteraturkveld med Vigdis Hjorth & co
tors01sep19:00Litteraturkveld med Vigdis Hjorth & coBokbad og konsertførestilling
Om arrangementet
Litteraturkvelden i Kabuso torsdag 1. september har Bertolt Brecht som tema – og blir innhaldsrik med både bokbad og konsertførestilling med m.a. forfattar Vigdis Hjorth. Kl 19: Bokbad Jens Kihl, kulturredaktør
Om arrangementet
Litteraturkvelden i Kabuso torsdag 1. september har Bertolt Brecht som tema – og blir innhaldsrik med både bokbad og konsertførestilling med m.a. forfattar Vigdis Hjorth.
Kl 19: Bokbad
Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende bokbadar Vigdis Hjorth
Kl 20: Konsertførestillinga Bertolt Brecht – en kynisk menneskevenn
Ved ensemblet Tilbudogetterspørsel:
Vigdis Hjorth: Brecht-sitat og poetisk prosa om Bertolt Brecht, hans liv og virke
Jørn Simen Øverli: Gjendikting, song, gitar
Ruth Wilhelming Meyer: Song, multivokal
Espen Leite: Akkordeon, kapellmeister
Kva er det verste? Å eiga ein bank eller rana ein bank?
Vil du ha svar, så oppsøk denne konserten kor Vigdis Hjorth vil prøva å overbevisa deg om at verda bør omorganiserast, Jørn Simen Øverli spelar gitar og syng og har gjendikta dei fleste tekstane du vil høyra, Ruth Wilhelmine Meyer syng multivokal og Espen Leite spelar trekkspel (Brecht sitt føretrukne instrument).
Tilbudogetterspørsel tek for seg evig aktuelle spørsmål i Brecht (1898-1956) si tapning på ein poetisk og spenstig måte.
Alt vert vevd saman til ei konsertførestilling om Brecht: Han som ville revolusjonera teateret og verda, og som greide det første om ikkje det andre, men som uansett har vore og er ein inspirator for menneske som vil bruka kunsten til å kritisera makta – frå Jens Bjørneboe til Elfriede Jelinek. Og som har hatt innflyting på så ulike diktarar som Gunnar Ekelöf, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Georg Johannessen og Jon Fosse, samt filmskaparen Ingmar Bergmann.
Konsertførestillinga hadde premiere på Olavsfest 2021 og er allereie framført ei rekkje stadar i landet – og snart kan du altså nyoppdaga Brecht i Kabuso!
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
1. September 2022 19:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)