Butikk og kafé

.
Velkomen til museumsbutikken!
Her kan du handla fine gåver. Me sel norskproduserte såper og tekstilar, lokale handtverksprodukt, lokal eplemost, drops og kjærleik på pinne frå Voss.
Me har òg eit godt utval av bøker og hefter, om og frå Voss, om tradisjonar, historiar og opplevingar. Samt barnebøker med dyrebilete frå Voss.
Våre leverandørar er m.a.:
Bømlasåpa, Design of Norway, Blafre, Vevstua, Britt Bakken keramikk, Sarah Reed, Trollsmed, Noregs husflidslag, Goki, Silverlys Mandal lysstøperi, Oasen aktivitetssenter, Frk. Engsbråten.
Kom gjerne innom og sjå kva me har!

Velkomen til kaféen!
Me serverer kaffi, te, varm blåbærsaft og kald drikke. Her kan du òg kjøpa lappar og andre kaker. Me har òg vegansk, glutenfritt alternativ.
I tillegg til lokale søtsaker frå Frk Engsbråten.
Om sommaren kan du sitja ute og nyta utsikta over Vangen og Vangsvatnet. Om vinteren har me fine akebakkar. Gratis utlån av akebrett.
Grupper som ynskjer kaffi og kake må bestilla på førehand –
tlf: 474 79 794 eller epost: voss.folkemuseum@hvm.museum.no