– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

I Kari sitt Amerika

ons26feb19:00ons20:30I Kari sitt Amerika

Kvinne i grønn hatt. Raudfarga fjell i bakgrunnen.

Om arrangementet

Kari Bye er fødd på Voss i 1937. Som 20 åring flytte ho til USA der ho budde til 1986. Bye tok utdanning innan kunstfag på University of Colorado og har arbeidd som formgjevar, kulturformidlar og skribent både i USA og i Noreg.
Bye har framleis nær familie i USA og vitjar landet ofte. Ho har òg vore aktiv i norskamerikanske miljø, men reknar seg ikkje som norsk-amerikanarar: Ho ser på seg sjølv som ein vossing som er heime i to land.
Denne kvelden får me høyre om livet i USA og om det norske Amerika, slik ho har lært det å kjenna både under og etter åra ho budde i USA.
Billett kr 120 / medlemmer kr 90.
Velkomen!
Foto: Kari Bye med dei raudfarga fjella i Vesten som bakgrunn. (Utlånt av Kari Bye)

Tid

(Onsdag) 19:00 - 20:30(GMT+00:00)