Dagestadmuseet

Dagestad og drakestil
Opningstider
Museet er ope etter avtale med Voss folkemuseum. Ta gjerne kontakt om du vil besøke Dagestadmuseet.
Treskjeraren Magnus Dagestad (1865–1957) var ein av dei fremste representantane for drakestilen på Vestlandet. Han grunnla verkstad og treskjerarskule på Voss, og var i mange år styrar for Norsk Kunsthandverksskule.
Dagestad gikk i lære hjå Lars Kinsarvik i Hardanger. I læretida møtte Dagestad den første kona si, Helena Bu. Helena dreiv med rosemåling og står bak fargeval og måleri på mange av dei mest kjende arbeida hans.
I 1950, på sin eigen 85-årsdag, opna Magnus Dagestad eit lite museum over livsverket sitt. Etterkomarane hans bygde seinare eit større museumsbygg, som opna i 1977. Her er mange av arbeida til Dagestad utstilte. Hardanger og Voss museum tok over drifta i 2016.