– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Det er eit repeterande arrangement

Advent på museet

sun30nov12:0015:00Advent på museet

Om arrangementet

Sundagane i advent ynskjer me spesielt velkomen til små og store born på museet.

Nissen på Mølster har rota det til før jol!  No har han mista fleire av tinga sine rundt om i husa på Mølstertunet. Kan du hjelpa å finna dei? Bli med på jakt i tunet og du vert med i trekning av jolegåver.

Ute på tunet er det god stemning med både joletre og lys – me satsar på at snøen er komen. 

Går du bort i hovedbygget er det  rigga til ein liten verkstad i 3. etg.  I kafèen kan du kjøpa nysteikte kakemenn og gløgg. Kanskje finn du ei jolegåve i butikken?

Gratis inngang for born (u.15) i følgje med vaksne.

Ta med deg borna og få adventsstemning på Voss folkemuseum.

Sundagane kl 12 – 15 i tida frå 30/11 til 21/12.

I år står ei utstilling om eldre verktøybruk i festsalen og difor vert det ei annleis førjolsmarkering. Den tradisjonelle jolverkstaden er tilbake i 2026.

 

 

 

 

Tid

30. November 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)

Get Directions