Ope hus på Urdland skule
mån09sep17:0020:00Ope hus på Urdland skule
Om arrangementet
Det gamle skulehuset på Urdland vart bygd som Skulestad skule i 1863. Då den skulekrinsen fekk nytt skulehus i 1902 vart det opphavlege huset flytta
Om arrangementet
Det gamle skulehuset på Urdland vart bygd som Skulestad skule i 1863. Då den skulekrinsen fekk nytt skulehus i 1902 vart det opphavlege huset flytta til Urdland. Skulen var i bruk til Raundalen skule opna. Voss folkemuseum overtok skulen i 1994.
Huset er i dag innreidd slik eit gamalt skulehus skal vera. På den opne dagen kjem Eirik Helleve, styrar ved Voss folkemuseum, til å fortelja litt frå soga til skulehuset. Deretter fortel Geirr Fagnastøl om tida si som elev ved skulen.
Det vert sal av kaffi og kaffimat ved Raundalen Ungdomslag.
Fritt tilgjenge – alle er velkomne!
Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Raundalen Ungdomslag.
Tid
9. September 2024 17:00 - 20:00(GMT+00:00)
Stad
Urdland skule
Urdland, Raundalne
Other Events