Bygningsvern
Bygningsvernkonsulent
Bygningsvernkonsulent Tora Lie Brunborg går over i ny stilling på arkitekthøgskulen i Oslo frå 1. september 2025. Me reknar med å ha ny person på plass i stillinga i løpet av hausten.
Om tenesta
Sidan 2023 har det vore tilsett eigen bygningsverkonsulent for Voss. Konsulenten kan gje råd og rettleijing til eigarar av eldre hus.
Det er igangsett ei kursrekkje Hjelp, eg eig eit gamalt hus. Denne vert gjennomført ein til to gongar kvart år saman med kulturminnekonsulent i Voss herad.
Lys i gamle hus med Vossavri
I 2023 vart Voss den sjette kommunen som vart med i pilotprosjektet Lys i gamle hus (LGH). Prosjektet initiert av Fortidsminneforeningen, og målsettinga er å aktivera og gje nytt liv til eldre og tomme hus. På Voss har bygningsvernkonsulent hatt prosjektansvar for denne satsinga.
Voss har ein pressa bustadmarknad for både hybelbuarar, unge etablerarar, barnefamiliar og innbyggjarar generelt. Samstundes aukar talet av folk som søkjer seg ut av byane, til eit hus med «sjel» eller eit småbruk. Nyetablerte tilflyttarar har gjerne kompetanse som distrikta har behov for, også her på Voss.
Kaia Finne, næringssjef Voss herad
Å byggja nytt, fører til store klimagassutslepp; heile 40% av energibruken i Noreg er knytt til byggebransjen. Det er difor nødvendig at samfunnet innfører ein meir heilskapleg gjenbrukskultur, og ser potensiala i det som allereie finst (Kjelde: Lys i gamle hus).

