Simon Toldam trio
sun07apr18:00Simon Toldam trioJazz
Om arrangementet
Jazza sundag med Simon Toldam trio – 7. april kl 18 Nils Davidsen – bass Simon Toldam – piano Knut Finsrud – trommer Simon Toldam er ein av dei fremste pianistane i
Om arrangementet
Jazza sundag med Simon Toldam trio – 7. april kl 18
Nils Davidsen – bass
Simon Toldam – piano
Knut Finsrud – trommer
Simon Toldam er ein av dei fremste pianistane i Danmark og vert omtalt som ein av dei mest spennande impoviserande jazzmusikarane.
CVen hans er lang og inkluderar medverknad/leiing i 17 utgjevingar knytt til namn som Evan Parker, Eivind Aarset, Nils-Petter Molvær og mange fleire.
Det ferske albumet Fem Små Stykker Med Tid bevegar han seg inn i soloformatet.
Jazzmagasinet Salt Peanuts ved Jan Granlie omtalar det nye albumet slik:
Dette er rett og slett blitt en usigelig vakker plate, hvor Toldams inspirasjoner fra blant annet japansk filosofi hvor stillheten mellom kan være like viktige som lyden. Og det er det som er kjernen i den musikken vi får her. Bruken av relativt forsiktig berøring av pianotangentene sammen med stillheten og roen mellom tonene, gjør dette til en plate for ettertenksomhet og meditasjon.
Og hele veien viser Toldam seg, nok en gang, fram som en utmerket pianist og improvisator. Det er ikke en unødvendig berøring av tangentene. Hver tone er like viktig for at musikken skal skinne. Og det gjør den hele veien her.
Senk skuldrene, pust ut og la den gale verden gå sin skjeve gang, mens du nyter 40 minutter av Simon Toldams mirakelkur. Skulle nesten vært skrevet ut på blå resept for alle med høyt blodtrykk.
Tid
7. April 2024 18:00(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)