Familiesundag med konsert
sun22okt14:00Familiesundag med konsertRuth Lillegraven og Annlaug Børsheim
Om arrangementet
Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim inviterer til poesikonsert for heile familien på Utne sundag 22.oktober kl 14. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth,
Om arrangementet
Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim inviterer til poesikonsert for heile familien på Utne sundag 22.oktober kl 14. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth, dikt som skildrar korleis det er å vere både ung og levande og gamal, korleis kjensler svingar frå vår til sommar til haust og vinter, å vere redd og å tore – blant anna.
Dikta er henta frå dei tre kritikarroste barnediktbøkene Eg er eg er eg er (2016), Skogen den grøne (2018) og Badesommar (2023), som alle er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Annlaug har tonesatt fleire av dikta til Ruth, først og fremst dikt frå boka Eg er eg er eg er. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar og Annlaug speler både hardingfele, gitar og syng.
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive mellom anna to psykologiske thrillerar, ein roman og fleire skodespel. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Den første diktsamlinga hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016), vart nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. Ho har også hatt fleire scene-samarbeid med ulike musikarar.
Annlaug Børsheim (f.1982) frå Ulvik, busett i Bergen. Ho arbeider som frilans musiker innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk. I 2023 gav ho som del av duen Djønne&Børsheim ut plata Skyer av Perlemor, der ho og Rannveig Djønne har tonesatt fleire av Ruth Lillegraven sine dikt frå bøkene Urd og Sigd. Annlaug var òg ei av spelarane på utgjevinga Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang i lag med Knut Hamre, Benedicte Maurseth og Lajla Buen Storli, ei utgjeving som kom i mars 2023. Ho speler fast i Frode Grytten Beat Band og turnerer med fleire produksjonar for Den Kulturelle skulesekken.
Ope kafé
Museumskafeen er ope frå 13 – 16. Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
22. oktober 2023 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
fre04jul(jul 4)11:00fre25(jul 25)15:00Bakstedagar med Voss bygdekvinnelagBaking fredagar i juli
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for at dei kjem att i år. Som før vil dei veksla mellom å baka flatbrød og krotakaker annankvar gong. Dei startar bakinga i 11 tida og held på til det er utseld eller til rundt kl 3. Så nytt høvet i sommar til å sjå, læra og handla med deg nysteikte flatbrød eller krotakaker!
Tid
4. juli 2025 11:00 - 25. juli 2025 15:00(GMT+00:00)
fre04jul18:0020:00Boklansering Soria Moria - utvandring frå Voss til USA
Om arrangementet
Det er 200 år sidan den organiserte masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Voss vart tidleg ei stor utvandringsbygd, og me reknar med at minst 7000 vossingar utvandra. Eirik
Om arrangementet
Det er 200 år sidan den organiserte masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Voss vart tidleg ei stor utvandringsbygd, og me reknar med at minst 7000 vossingar utvandra. Eirik Helleve, styrar ved museet, har skrive ei bok om utvandringa frå Voss. Fredag 4. juli er det klart for lansering på Voss folkemuseum kl 18.00. I samarbeid med Fonna forlag.
Tid
4. juli 2025 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
fre11julfre01augBakstedagar med Voss bygdekvinnelagBaking fredagar i juli
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for at dei kjem att i år. Som før vil dei veksla mellom å baka flatbrød og krotakaker annankvar gong. Dei startar bakinga i 11 tida og held på til det er utseld eller til rundt kl 3. Så nytt høvet i sommar til å sjå, læra og handla med deg nysteikte flatbrød eller krotakaker!
Tid
11. juli 2025 11:00 - 1. August 2025 15:00(GMT+00:00)
fre18jul(jul 18)11:00fre08aug(aug 8)15:00Bakstedagar med Voss bygdekvinnelagBaking fredagar i juli
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for at dei kjem att i år. Som før vil dei veksla mellom å baka flatbrød og krotakaker annankvar gong. Dei startar bakinga i 11 tida og held på til det er utseld eller til rundt kl 3. Så nytt høvet i sommar til å sjå, læra og handla med deg nysteikte flatbrød eller krotakaker!
Tid
18. juli 2025 11:00 - 8. August 2025 15:00(GMT+00:00)
fre25jul(jul 25)11:00fre15aug(aug 15)15:00Bakstedagar med Voss bygdekvinnelagBaking fredagar i juli
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for
Om arrangementet
Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for at dei kjem att i år. Som før vil dei veksla mellom å baka flatbrød og krotakaker annankvar gong. Dei startar bakinga i 11 tida og held på til det er utseld eller til rundt kl 3. Så nytt høvet i sommar til å sjå, læra og handla med deg nysteikte flatbrød eller krotakaker!
Tid
25. juli 2025 11:00 - 15. August 2025 15:00(GMT+00:00)
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)