UngOsa 2022
Om arrangementet
Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar, trekkspel eller eit anna
Om arrangementet
Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen
Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar, trekkspel eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!
Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 7. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.
UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!
NB! UngOsa er veldig populært, og i fjor så nådde me eit makspunkt i høve antal deltakarar. Det er fyrstemann til mølla så ikkje nøl med å melde deg på!
Førebelse lærararar UngOsa 2022:
Toradar/trekkspel: Inge Gjevre og Jon Amund Karusbakken
Song: Malin Victoria Alander og Kari Finne Sognnæs
Hardingfele: Alexander Aga Røynstrand, Arne M. Sølvberg, Arngunn Timenes Bell. Fleire lærarar kjem.
Dans: Halldis Folkedal og Anna Liv Skjelten Gjendem
Samspel (for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund): Geir Marius Thorud
Påmeldingsfrist 20. september!
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Tid
27. juni 2022 07:12 - 07:12(GMT+00:00)
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)