– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs i filering

tors21okt18:00tors21:00Kurs i filering

Om arrangementet

Filering eller filetarbeid er ein handarbeidsteknikk som ha vore utført ved brodering på eit knytt garn-nett. På Voss har filering vore brukt på forklebord som ein del av drakttradisjonen.
I dag er dette eit raudlista handverk. Difor er det svært gledeleg at Voss husflidslag i dag arbeider både med dokumentasjon og opplæring gjennom kursing.
På dei fire kurskveldane vil du få god opplæring i fileringsteknikken. Me vil òg syna fram eldre eksemplar av filerte forklebord frå musèet sine samlingar.

Varigheit 4 kurskveldar: 21.10 / 28.10 / 04.11 / 11.11 2021 (8 deltakarar)

Pris 1500,-

Ta med broderingsring og tråd. Voss husflidslag har nett som du kan kjøpa.
Nivå: Nybyrjar

Kaffi og lefser

Påmelding: voss.folkemuseum@hvm.museum.no / tlf 474 79 794

Tid

(Torsdag) 18:00 - 21:00(GMT+00:00)