Demonstrasjon av figurskjering
sun07jul12:0017:00Demonstrasjon av figurskjering
Om arrangementet
Figurskjerar og kunstnaren Kjell Musland viser og let deg prøva figurskjering: Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både born og vaksne
Om arrangementet
Figurskjerar og kunstnaren Kjell Musland viser og let deg prøva figurskjering:
Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både born og vaksne kan få prøva kniven sjølve.
Kjell Musland er opphaveleg frå Uskedalen, men bur og arbeidar på Seimsfoss i Rosendal. Han er i dag pensjonist og har drive med treskjering sidan han var midt i 20-åra.
Musland skjer både med motorsag og kniv, og arbeidar alltid for å oppnå gode uttrykk med færrast mogleg kutt.
Arbeida hans står utstilte over heile landet – av dei mest kjende er figuren av Edvard Grieg som står ved Hotel Ullensvang.
Tid
7. juli 2019 12:00 - 17:00(GMT+00:00)
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)