Sommar på Voss folkemuseum
Me har ope kvar dag i sommar. Her ligg det freda Mølstertunet og i samlingsbygget like ved tunet kan du sjå utstillingane våre.
Her er ei oversikt over det du kan oppleva hjå oss i sommar.
Boklansering 4. juli
Den 4. juli vert den nye boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA lansert. Boka kjem ut på Fonna forlag og er skriven av Eirik Helleve, styrar ved Voss folkemuseum.
Opningstider
Ope kvar dag i sommar, 10–17
Bakstedagar
Kvar fredag i juli viser Voss bygdekvinnelag fram gamle baketradisjonar. Viss vêret er fint sit dei ute; ved dårleg vêr held dei til i årestova frå 1735.
Utstillinga «Frå skog til drake»
Utstillinga handlar om verktøyhistorie i førindustriell tid. Med utgangspunkt i samlingane på Voss folkemuseum viser me verktøy til trearbeid.

Utstillinga «Frå skog til drake».
Basisutstillinga «Utsyn mot Voss»
Utstillinga fortel historia til Voss dei siste 400–500 åra. Her kan du mellom anna sjå mange av dei flottaste gjenstandane i samlinga vår, du kan leika deg med ein digital modell av Vossavangen anno 1930, eller du kan gjera deg betre kjend med skistaden Voss.

Basisutstillinga «Utsyn mot Voss».
Omvising på Mølstertunet
Kvar heile time vil ein av dei dyktige omvisarane våre ta deg med inn i nokre av husa på Mølstertunet.

Mølstertunet
Alle husa på Mølstertunet står slik dei stod då dei to familiane som budde her flytta ut for rundt hundre år sidan. Dei fleste husa er opne, så du får eit godt inntrykk i korleis hus og tun på Voss såg ut tidlegare.

Dagestadmuseet
Det er i år 75 år sidan Dagestadmuseet opna. Museet fortel om livet og arbeidet til treskjeraren og skulemannen Magnus Dagestad. I sommar har Dagestadmuseet ope kvar helg i juli, 12–15.
Konsertar på Mølstertunet
Folkemusikkonsertar i juli
Måndag til fredag kl. 12:30, 13:30 og 14:30 vert det konsert på Mølstertunet med den unge hardingfelespelaren Martin Gjeraker Haug. Konsertane er inkludert i inngangsbilletten.

Konsert med gitaristen Markus Istad Lirhus
Gitaristen Markus Istad Lirhus held konsertar på Mølstertunet 6. og 20. juli, klokka 13 begge dagar. Han har nyleg avslutta eit årsstudium i musikk ved Universitetet i Agder i Kristiansand. Han spelar nokre eigne låtar, nokre coverlåtar, og nokre folkemusikkinspirerte låter.

Kafé og museumsbutikk
I samlingsbygget er det ein enkel kafé og ein museumsbutikk. Her sel me kaffi, kaker, is og lokale handverksprodukt med meir. I tillegg har museet ein flott uteplass med benkar der du kan sitja i solveggen.
