Åsmund Kristiansen tilsett som direktør

Styret i Hardanger og Voss museum vedtok i dag, 9. desember 2020, samrøystes å tilsetja Åsmund Kristiansen som direktør for Hardanger og Voss museum frå 1.1.2021, i tråd med innstillinga frå tilsetjingsutvalet.

Kristiansen er 55 år, opprinneleg fra Ski i Akershus, bur i Øystese, er gift og har to born. Han har dei siste 23 åra jobba ved Hardanger og Voss museum. Han har mastergrad i etnologi og har dei siste ti åra hatt leiarrroller ved museet:
Først som avdelingsleiar for Hardanger fartøyvernsenter og sidan mars 2020 har han vore konstituert direktør i Hardanger og Voss museum.

Interne kandidatar har elles vore vurdert på lik linje med eksterne kandidatar.

Foto: Hardanger og Voss museum / Silje Ensby

 

Opningstider

Måndag-fredag kl. 10-15

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss

 

Tlf: 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

Mon-Friday 10 AM-3 PM

Contact
Adr: Mølstervegen 143, Voss Tel: +47 474 79 794 voss.folkemuseum@hvm.museum.no
Social media
Follow us on Facebook and Instagram
X