– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ung og lovande!

Elevar ved Ullensvang kulturskule syner verk inspirert av Agatunet!

I Johansstova i Agatunet set me i år opp ei flott utstilling laga av elevar ved kunstfag ved Ullensvang kulturskule. Til årets utstilling har dei og invitert med tidlegare elevar som er under utdanning innen kreative fag.
Som forarbeid til utstillinga har dei hatt workshop i Agatunet for å samle inntrykk og inspirasjon til å arbeida fram eit verk som vert synt i tunet frå 12.6-4.9.

Utstillinga opnar kl. 13 sundag 12.6. I samband med opninga vert det og musikalske innslag frå elevar ved ulike instrumentkurs ved Kulturskulen!

I 2022 har kunstfagtilbodet 22 elevar i alderen 7-16 år. Undervisningsstadene er Odda, Hauso og Jondal. Lærar er Johild Mæland.
Kurset fylgjer skuleåret, og har undervisning ein gong i veka. Elevane jobbar med teikning og maling etter konkrete motiv, og linotrykk.
I tillegg laga dei i haust ei 35 meter lang krotebord på svart stoff som vart nytta som scenografi til kulturskulekonserten Une Riter som var ein del av Hardanger Musikkfest sitt program, i 2021.

Utstillinga står frå 12. juni til 4. september