– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Nesheimstunet

Eit gamalt høvdingsete

Opningstider: Det er ikkje faste opningstider på Nesheimstunet, men uteområdet er ope for publikum. Ta kontakt med Voss folkemuseum på førehand og avtal om du ynskjer omvisning inne i husa og bygningane.

_______

Nesheimstunet ligg vakkert til i nordenden av Lønavatnet, 16 km frå Vossevangen, med avkøyring frå E16 ved Tvinde.

Garden er einbølt, han har altså ikkje vore oppdelt slik dei fleste gardane på Voss var. Her kan ha vore eit høvdingsete i vikingtida. I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus, samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie. Alle tre husa har vore nytta som bustadhus, for så å endra funksjon etter kvart som nye hus har kome til. I eldhuset er det både åre og røykomn, og dette er den einaste røykomnen som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe.

Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948. I 1970 vart tunet overteke av Voss folkemuseum.