– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Det er eit repeterande arrangement

Solokonsertar med Siri Nordgård

ons03jul12:30ons14:30Solokonsertar med Siri NordgårdVekedagar i juli12:30 - 14:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

Me er særs glade for å ha Siri Norgård tilbake på Mølstertunet i sommar!  Vekedagar i juli vert det minikonsertar på toradar kl 12.30, kl 13.30 og kl 14.30.
Konserten kl 12.30 er særskilt for born. Under tittelen Spel, song og segn med Siri, er det lagt opp til ei kjekk lita stund med dei minste museumsgjestene våre.
I 2018 gjekk Siri Nordgård frå Vossestrand til topps i juniorklassen i durspel under Landskappleiken. Den overtydande sigeren viste at ho har ei skinande framtid innan folkemusikken. I dag er ho elev på Ole Bull akademiet på Voss. Alle konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no.
Dei er inkluderte i museumsbilletten og varer kring 20 min.

Tid

(Onsdag) 12:30 - 14:30(GMT+00:00)