– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

1. Bygdesaga: kva er relevansen i dag?

ons02okt19:00ons20:301. Bygdesaga: kva er relevansen i dag?19:00 - 20:30(GMT+00:00)

Stor tømmerstokk, Gut står framme med ei hand på stokken, svart kvitt eldre foto, nokre karar i bakgrunnen, bygdesag

Om arrangementet

Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.

Fyrste temakveld: bygdesaga. Arkitekt Nikolina Søgnen og sagbrukar Kjartan Bergsvåg kjem for å dela sine erfaringar. Kva er relevansen til bygdesaga i dag? Kor kan ein få tak i godt bygningsmateriale? Finst det ein veg frå bygdesaga til marknaden eller er det ein propp i systemet?

Nikolina Søgnen er utdanna arkitekt med bakgrunn innan historiefaget og kulturvitskap. I diplomoppgåva si frå 2019 undersøkte ho arkitekten si rolle i verdikjeda for kortreist trevirke på vestlandet. Søgnen har arbeidd vidare med dette både i arkitektur og gjennom eigeninitierte tverrfaglege utviklingsprosjekt. Ho driv i dag eigen praksis med fokus på kulturhistorie, berekraftig ressursbruk og lokal tilknytning.

Kjartan Bergsvåg er frå Voss og jobbar til dagleg som bonde, tømrar og sagbrukar. Han starta firmaet Voss Sag og Tradisjonsbygg i 2012, etter å ha bygd seg gradvis opp frå ei lita sag på garden til å bli ein påliteleg leverandør av spesialvirke. Visjonen er å vera ein komplett leverandør innan treprodukt og levera alt det som dei store sagbruka ikkje kan produsera.

Det vert lagt opp til samtale og diskusjon.

Førelesingskveldane blir lagt til onsdagar kl 19:00 – 20:30 + kaffislabberas for dei som ynskjer. Pris 120.

Hald av datoen, meir informasjon kjem etterkvart!

 

 

 

 

 

 

 

 

Tid

(Onsdag) 19:00 - 20:30(GMT+00:00)