Joleverkstad Avlyst !
sun28nov12:00sun15:00Joleverkstad Avlyst !
Om arrangementet
Me ser oss diverre nøydde til å avlysa joleverkstaden sundag 28. november. Me har ikkje fått pålegg om dette, men det er aukande smitte både lokalt, regionalt og nasjonalt. Me
Om arrangementet
Me ser oss diverre nøydde til å avlysa joleverkstaden sundag 28. november. Me har ikkje fått pålegg om dette, men det er aukande smitte både lokalt, regionalt og nasjonalt. Me er difor redde for at joleverkstaden vår kan verta ein stad der dei besøkande tek med seg meir enn jolepynt heim. Det er vanskeleg å halda god nok avstand, og det ville vera uråd for oss å sikra at ingen tek på sakser og limstiftar andre har brukt. Me ynskjer sjølvsagt ikkje at museet skal vera med på å spreia smitten, og vel difor å avlysa joleverkstaden i år.
Me vonar at dette ikkje skapar problem for dykk. Me hadde gleda oss til igjen å ha ein joleverkstad, og reknar med at situasjonen er betre om eitt år. Velkomne tilbake då!
Med venleg helsing
Voss folkemuseum
Bli med på joleverkstad sundag 28. november. Her finn du ulike aktivitetar: sying, ymse papirarbeid, trearbeid, kransar, marsipanfigurar mm.
Viktig: I år må du melda deg på til joleverkstaden. Det gjer du enkelt ved å senda ein epost med tal vaksne og born til voss.folkemuseum@hvm.museum.no innan tysdag 23.11. Det er avgrensa tal plassar i år (200).
Open kafe og museumsbutikk. Pris vaksne kr 150, born under 15 år gratis. Hjarteleg velkomen!
Tid
(Sundag) 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum