september 2019

19sep19:00Wako & Oslo StringsKlassisk + jazz

Les meir

Om arrangementet

MARTIN MYHRE OLSEN saksofon KJETIL ANDRÉ MULELID piano SIMON O. ALBERTSEN trommer BÁRDUR REINERT POULSEN kontrabass ISA CAROLINE HOLMESLAND viola KAJA FJELLBERG PETTERSEN cello KAJA CONSTANCE ROGERS fiolin

Wako har sidan debuten i 2015 med “The Good story” spelt over 70 konsertar rundt store delar av Europa. Dei har sist vore aktuelle med det kritikarroste albumet «Urolige sinn».

Tidleg i 2016 førte trongen til å gjera noko stort og oppsiktsvekkjande Wako til å invitera sine gode vener i Oslo Strings til eit samarbeid.
Wako & Oslo Strings er eit prosjekt beståande av sju unge profesjonelle musikarar med bakgrunn frå jazzlinja ved NTNU og pop- og klassiskmiljøet i Oslo/Trondheim.

I juni 2016 blei prosjektet spelt inn i Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. «Modes for all eternity» er eit produkt av eit oppsiktsvekkjande kulturelt samarbeid mellom sju musikarar, og ein felles visjon om å bygga bru mellom jazz og klassisk musikk. Det er eit ambisiøst prosjekt leia av saksofonisten Martin Myhre Olsen, som også har komponert all musikken.

Med jazzkvartettens samspel og improvisasjon som utgangspunkt har dei henta inspirasjon frå komponistar som Messiaen og Stravinsky og moderne kammerjazzprosjekt som Christian Wallumrød Ensemble og Alpaca Ensemble. Musikken består av skrivne og improviserte parti der dei to ensembla utfyller kvarandre med likevekt i eit nyskapande og interessant lydbilde.

2019 Haustprogram Kabuso trykk

Tid

(Torsdag) 19:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettsal

https://ticketco.events/admin/events/entities/79644/edit

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum

Opningstider

September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar

Contact

Adr: Mølstervegen 143, Voss
Tel: +47 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about our museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

September–May:
Mon–Fri 10 AM–3 PM + Sun 12 AM–3 PM

June–August:
10 AM–5 PM, all days

X