– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sinikka Langeland - Vind og sol

tors03jun20:00Sinikka Langeland - Vind og solMusikalsk stjernelag + Fosse-tekstar20:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Sinikka Langeland og hennar stjernelag presenterar Vind og sol med tekstar av Jon Fosse – i Kabuso torsdag 3. juni kl 20 (merk nytt tidspunkt)! 

Medverkande: 
Sinikka Langeland – vokal, kantele
Mathias Eick – trompet
Trygve Seim – saksofon
Mats Eilertsen – bass
Thomas Strønen – trommer

Dikt: Jon Fosse
Musikk: Sinikka Langeland 

Vinteren 2021 hadde Sinikka Langeland premiere på ny musikk og poesi for sitt stjernelag av musikarar. Denne gongen har ho sett musikk til dikt av Jon Fosse og musikarane løftar komposisjonane med sine improvisasjonar og eminente ensemblespel.
Sinikka har ei djup interesse for naturmystikk og i Jon Fosse sine dikt finn ho ein klangbotn som resonnerar. Musikken er folketonebasert, men ho ynskjer og å setja det tidlause aspektet i dikta inn i vår tid med musikarar som bidreg med eit moderne uttrykk. Dei er alle solister av ypperste klasse med eigne ensemble og internasjonale karrierar.
Kantelen lyder nesten som eit orkester i seg sjølv og saman med dei veletablerte ECM-musikarane er ho klar for konsertar inspirert av Jon Fosse sine tidlause vestlandslandskap i vind, sol, hav og himmel.

 

Velkomen til ei oppleving heilt utanom det vanlege!</p style=»text-color:#C1002a;»>

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> Kjøp

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> Sjekk ut