august 2019

31aug13:0014:00Reven, øksa og lilja.Våpenskjold og heraldikk i Hardanger og på Vestlandet i mellomalderen.

Les meir

Om arrangementet

Me avsluttar sesongen i Agatunet med dette føredraget om eit særs spanande tema – våpenskjold frå mellomalderen. Kom og høyr ein av våre fremste nasjonale kapasitetar på mellomalderheraldikk – PhD Jo Rune Ugulen Kristiansen, fortelja om denne spanande delen av vår historie!

Våpenskjold kom i bruk i samband med korstogene på 1100-talet, og kom etterkvart til Noreg. Det var ikkje kven som helst som kunne ha sitt eige våpenskjold. Det var og strenge reglar for korleis dei skulle sjå ut, tydingsfull symbolikk, og våpenskjolda dei inngjekk som element i eit sosialt hierarki. Utforminga og historia bak våpenskjolda på Vestlandet og Hardanger lærar oss mykje om samfunnet i mellomalderen, og ein finn linar inn i vår eigen tid.

I Agatunet budde Sigurd Brynjolvsson, riddar, lagmann og herre til godset Aga. Han var ein mektig mann, og våpenskjoldet hans har vore nytta som kommunevåpen for Ullensvang herad, og skal no leggjast til grunn for det nye kommunevåpenet til Ullensvang kommune. Det er slett ikkje alle kommunar forunt å ha ei so lang og engasjerande historie knytt til kommunevåpenet sitt!

Jo Rune Ugulen Kristiansen er PhD i mellomalderhistorie frå Universitetet i Bergen. Han er tilsett som førstearkivar i Arkivverket, og er redaktør for Diplomatarium Norvegicum, ein kjeldesamling av norske brev og dokument frå den eldste tid og frem til 1570. Diplomatarium Norvegicum gjengir innholdet i dokumentene ordrett på originalspråket (latin og norrønt) og er eit heilt sentralt verk for alle som arbeidar med norsk mellomalderhistorie.  Han har også mellom anna skrive mellomalderdelen av regionhistoria for Hardanger som vart gjeve ut i 2015.

 

Tid

(Laurdag) 13:00 - 14:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794

voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum
Opningstider
September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar
X