mars 2020

fre13mar19:00AVLYST: HildoFolketonar

Om arrangementet

Grunna utbrotet av korona-viruset og nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen i Kvam herad, ser me oss diverre nøydde til å avlysa dette arrangementet. 

 

Berit Opheim (vokal)
Tore Brunborg (saksofon)
Stein Urheim (strengar)
Steinar Raknes (bass)
Kåre Opheim (trommer)

 

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanleg fine og sterke klang.
Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokka, og vossingene var dumme nok til å seia ja.
Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokka på havsens botn den dag i dag.

 

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde premiere på Vossa Jazz 2018.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger
– og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema.
Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gang når det kjem til klang og styrke.

 

Hildo vart nominert til Musikkritikerprisen 2018 og kom ut i plateform november 2019 til strålande kritikkar.
Mellom anna gav Petter Lønningen i Bergens Tidende terningkast 6, omtalte albumet som magisk og plasserte det som eit av årets beste album.

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen

 

Tid

(Fredag) 19:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> Meld di interesse her

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Opningstider

I samband med smitteverntiltak:
Me tek for tida kun i mot skuleklassar,
gjeld t.o.m. 20. juni.

Må tingast på førehand.

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact

Adr: Mølstervegen 143, Voss
Tel: +47 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Opening hours

Due to the Covid-19 situation:
The museum is closed (except for school groups)
til and including 20 June.

Must be booked in advanced. 

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X