oktober 2019

lau05okt(okt 5)09:30sun06(okt 6)16:30Helgekurs: Bringklut i smøygLær å sy smøyg

Om arrangementet

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, eller svartsaum til skjorte eller kaps.

Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.

Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.

Kurset vert laurdag 5. og sundag 6. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /474 79 884 innan 24. september

Pris: Kr 2000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

5 (Laurdag) 09:30 - 6 (Sundag) 16:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Opningstider

I samband med smitteverntiltak:
Me tek for tida kun i mot skuleklassar,
gjeld t.o.m. 20. juni.

Må tingast på førehand.

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact

Adr: Mølstervegen 143, Voss
Tel: +47 474 79 794
voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Opening hours

Due to the Covid-19 situation:
The museum is closed (except for school groups)
til and including 20 June.

Must be booked in advanced. 

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X