Nesheimstunet

Eit gamalt høvdingsete

Nesheimstunet ligg vakkert til i nordenden av Lønavatnet, 16 km frå Vossevangen, med avkøyring frå E16 ved Tvinde.

Garden er einbølt, han har altså ikkje vore oppdelt slik dei fleste gardane på Voss var. Her kan ha vore eit høvdingsete i vikingtida. I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus, samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie. Alle tre husa har vore nytta som bustadhus, for så å endra funksjon etter kvart som nye hus har kome til. I eldhuset er det både åre og røykomn, og dette er den einaste røykomnen som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe.

Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948. I 1970 vart tunet overteke av Voss folkemuseum. Tunet har ikkje faste opningstider, men uteområdet er ope for publikum. Dersom du ynskjer å koma inn i husa ta gjerne kontakt med oss!

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794

voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum
Opningstider
September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar
X