Fast utstilling

Den faste utstillinga har gjenstandar frå samlingane til Voss folkemuseum. Utstillinga er delt inn i ulike tema med glimt frå høgtid, daglegliv og arbeid i eldre tid. Her er mykje vakker folkekunst.

Karveskurd er namnet på treskjering med geometriske motiv, og karveskurd er svært utbreidd på Vestlandet og langs kysten nord - og sørover. Geometriske mønster finn ein òg i åklede og prydsaum.

I utstillinga viser me mange vakre bringklutar. Mønstera er gjerne åttebladroser, krossar og ruter av ulikt slag.

Perlebelta vart berre brukte til høgtid og fest. Dei lange stråperlene, som var dei gjevaste, kom i handelen i 1755.

Både belte og bringklut er knytte til område med renessanseprega draktskikk - som på Voss.

Flere bilder

  • Høvel Foto Turid Solstad
  • Bringklutar i kiste
  • Ljosaforkle og belte Foto: Turid Solstad
  • 014 bringklut
  • Belte
  • 006 bringklut
  • 016 bringklut
  • Bringklut