Norsk English

Vidaregåande skule

Frå gamalt har jordbruk vore den viktigaste næringa på Voss. Her var rikeleg med åkerjord til korn, og frå ca. 1800 også til poteter. Vossebygdene hadde vide og gode fjellbeite, og her var dei største tømmerskogane vestafjells.

Kring 1850 byrja det store "hamskiftet" på Voss  som i andre bygder. Moderne reiskap og jordbruksmaskiner førde til store endringar, og regjeringa byrja å arbeida for jordskifte.

Utgangspunkt for undervisninga er tunskipnaden på Mølster. Ved hjelp av teikna skisser, skal elevane få innsyn i  kva teigblanding er og kvifor det vart nødvendig med utskifting då maskinene kom inn i jordbruket.

Me ser på folketeljingar, på levevegar og på den enorme folkeauken som fann stad utover på 1800 talet,

Kontakten med omverda auka, særleg etter at dei store veganlegga i Stalheimskleiva og Skjervet vart tekne i bruk i 1850 åra.

Men den verkelege snunaden for Vangen og Voss kom med Vossebanen i 1883.

Flere bilder

  • Kornband på staur
  • På stølen
  • Kvinner på stølen