Norsk English

Om Voss og vossingar

Utstillinga handlar om den mangfaldige kunstnaren Ivar Kvåle (1947-2011).

Kvåle er best kjend frå avisa Hordaland, der han var avisteiknar dei siste 34 åra han levde. Men han arbeidde òg med andre former for biletkunst, han var musikar, og han var aktiv syklist og boksar. Han var nært knytt til heimbygda Voss, men treivst òg godt i andre land, og han hadde eit særs nært forhold til Italia. Utstillinga har både ein biografisk del, der dei besøkande vert kjende med ulike sider av livet til Kvåle, og ein biletdel, der me stiller ut ei rekkje arbeid av Kvåle. I alt stiller me ut rundt 140 arbeid av han, slik at dette vert den største Kvåle-utstillinga nokon gong.