"Bot og bedring"

Ei utstilling om pilegrimsreiser som religiøs bot i mellomalderen.

Utstillinga stod i 2012-2013 ved Universitetsmuseet i Bergen (tidlegare Bergen Museum). Ho var del av eit større utstillingsprosjekt innan Universitetet i Bergen, i samarbeid mellom Senter for Mellomalderstudie (CMS) og Universitetsmuseet.

Når utstillinga no er sett opp att på Voss, så har det samanheng med dei fem pilegrimsmerka som i 1936 vart funne i fotstykket på altartavla i Vangskyrkja. Merka var del av utstillinga i Bergen, og dei er også no innlånte til utstillinga frå Voss kyrkjelege fellesråd.

Nyoppsettinga av utstillinga er eit samarbeid mellom Voss folkemuseum og Universitetsmuseet i Bergen (www.uib.no/universitetsmuseet.

Flere bilder

  • 03 pilegrim