Norsk English

"Jenny Arnesen og andre føregangskvinner på Voss"

I høve stemmerettsjubileet, har Voss folkemuseum laga ei utstilling om kvinner som var aktive i likestillingsarbeidet på Voss. Dette var hardtarbeidande, radikale og varmhjarta kvinner.

Jenny Arnesen, journalist, forfattar og dokkemakar, har fått størst plass i utstillinga. Ho skreiv mykje i avisene "Unglyden" og "Hordaland", som begge kom ut på Voss. Hjartesakene hennar var målsak, avhaldssak og ungdomsarbeid. Ofte signerte ho med "Strilagjenta".

Systrene Brita Bjørgum og Maria Lid vert presenterte. Dei var, som Jenny Arnesen, aktive i det frilynde ungdomslaget, og dei kjempa for kvinnesak og røysterett for kvinner. Dei var interesserte i tradisjonar og kledebunad, og dei sydde og broderte mykje.

Elles vert Voss Enkjeheim, Voss Kvinnelag og Voss Sanitetslag omtala.

Flere bilder

  • Strilagjenta
  • Jenny Arnesen