Norsk English

Voss Kunstlag 60 år

Jubileumsutstillinga viser det beste frå samlingane...

Voss Kunstlag vart skipa 6. februar 1952, og lagat har sidan starten arbeidd med å få sitt eige biletgalleri. Dette har vore vanskeleg å få til, og draumen er framleis urealisert. Men mange av bileta er likevel komne på vegg - til glede for mange. Voss kunstlag leiger ut bilete til ymse skular og institusjonar i bygda.

I utstillinga finn ein mange kunstnarnamn, og Klaus Gjøstein (1904 - 1992) har signert mange av bileta; hausten 1991 gav han 15 måleri til Voss Kunstlag.

Voss folkemuseum har hatt fleire interessante samarbeidsprosjekt med Voss Kunstlag - siste gong i 2010 med utstillingane "Kjælne kjevler" v/Hans Sande og "Fotografikk" - landskapsfoto av Ole Fretheim.

Flere bilder

  • Klaus Gjøstein
  • Klaus Gjøstein
  • Anne Cecilie Røgeberg