Norsk English

"- her dansar jenta med band i hår, og fletton` radt nedpå marki når - "

Utstillinga, som presenterer hovudbunader for ugifte kvinner, frå dåp til brur, er resultat av eit forskningsprosjekt med samme tema.

I dag er det mange som gløymer håret når dei skal kle seg i bunad. Dei let det lange håret hengja rett ned, slik at det skjuler delar av den vakre bunaden.

Det har vore lite fokus på jentehovudbunadene på Voss. Mange er ukritiske og bruker plastklemmer, plastbøylar, sokkeband og blomar i håret. Me trur at utstillinga, aktivitet i samband med utstillinga og eit fyldig temahefte, vil vera motiverande for ungjenter.

Kunnskap er viktig når det gjeld å ta fram att bunadsdelar som har vore ute av bruk. Ei utfordring ved all rekonstruksjon og nylaging er å setja seg godt inn i det gamle - slik at ein forstår dei tradisjonelle rammene som draktene vart laga innafor. Det er såleis viktig å læra seg "grammatikken i formspråket" frå eldre tid.