Dyrefoto

Utstillinga presenterer rundt seksti foto med portrett og miljøbilete av dei vanlegaste husdyra våre. Her er hestar, kyr, griser, høner, gjæser, kattar og hundar - "fanga" av kameraet slik berre Vera Gjersøe kan det.

Fotograf og forfattar Vera Gjersøe har i over tjue år arbeidd med dyrebilete og dyrebøker. Då borna hennar var små, oppdaga ho at dyrebøkene var veldig dårlege. Det var utanlandske bøker med dyr som var uvanlege hjå oss, og det vart heilt feil når hønene såg ut som dei var like store som hestane. Vera hadde fotografert dyr i mange år, så ho bestemte seg for å laga dyrebøker ut frå norske forhold. Til no har det vorte 12 bøker.

Fyrste separatutstillinga til Gjersøe var på Mølstertunet i 2001. Utstillingen vart veldig populær og vandra rundt i Sør-Noreg i fire år.

Etter ti år er det kjekt å presentera ei ny utstilling på Mølster.

Det er høve å kjøpa bøker, postkort og foto med hennar signatur.

Flere bilder

  • katt
  • høner
  • geiter