Norsk English

Voss Idrottslag 125 år

125 år med idrettsglede vert presentert i ei stor og innhaldsrik utstilling på Mølster. Eit av høgdepunkta er gamle filmklipp som vert viste på storskjerm: hopping i Bavallen på 1950 - 60 talet, NM i langrenn 1964 m.m....

Det heile starta med turn, og mottoet var:"Vi vil øve vårt lægeme så det bliver sterkt og vel udviklet."

I 1892 vart det fyrste store skirennet arrangert på Voss og året etter den fyrste Vestlandske skistemna. Dette var det verkeleg store skirennet vest for langfjella - eit langrenn som samla stor deltaking og ikkje minst publikum i tusental.

I 1927 kom gjennombrotet for skiidretten. Hoppbakkane vart etter kvart utbygde, og i 1930 åra voks alpinsporten fram. I dag er Voss IL eit fleiridrettslag med mange aktivitetar.

Voss har ofte teke imot dei kongelege ved ulike idrettsarrangement. I sleden på fotoet under ser me kong Haakon og kronprins Olav på veg til hopprenn i Songvesbakken.

Flere bilder

  • Tøffe alpinistar
  • Alpinavdelinga
  • Kong Haakon og kronprins Olav 1924 Foro:Braaten
  • Turning 1932 Foto: Braaten