Norsk English

Tilbake til 1950 talet

Swingmusikk, rockabillykjolar, nylonstrømper og ungdomsopprør var tema for utstillinga.

Oppattbygginga etter krigen gjekk raskare enn dei fleste hadde rekna med, og i 1950- åra heldt den økonomiske veksten fram. Det vart bygt ein heilt ny type samfunn - eit forbrukarsamfunn.

Bilar, kjøleskåp, fjernsyn og andre industriprodukt vart laga til ein pris som fleire kunne betala. Men i Noreg var mange varer, som t.d. bilar, rasjonerte i fleire år etter krigen. For å spara verdifull utanlandsk valuta, sette styresmaktene grenser for kor mykje som kunne kjøpast frå utlandet.

Det voks fram ein heilt ny ungdomskultur, med musikk, klede og idol, - noko mange vaksne hissa seg opp over og mislikte. Nesten alt det nye, både kultur og forbruksgjenstandar, hadde ein viktig ting til felles: det kom frå Amerika.

Flere bilder

  • Jenterommet
  • Marilyn lampe
  • Kjøkken 1950 talet
  • Tilbake til 1950 talet barn
  • Boksar og norgesglas