Emalje og design

Grete Prytz Kittelsen, emalje og design, ei vandreutstilling produsert ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Grete Prytz Kittelsen (1917 - 2010) vart gjerne kalla: Scandinavian Design-dronninga. Ho er mellom dei fremste formgjevarane som Norden har hatt, og har meir enn nokon  vore med og sett norsk design på verdskartet.

Det "revolusjonerande" med Prytz Kittelsen var at ho tok i bruk nye emaljefargar, og at ho nytta ein teknikk der ho teikna og freste i metallet, - noko som gav ulike mønster og fargar. Etter at ho hadde lansert  teknikken i sylvarbeida sine,  begynte ho eit samarbeid med Cathrineholm A/S ved Halden. Her skapte ho dei vakre kvardagsvarene sine; ho ville vera med å setja farge på kvardagslivet. 

Flere bilder