Norsk English

Avisa Hordaland 125 år

Jubileumsutstillinga Avisa Hordaland 125 år - ei biografisk framstilling av det ytre og indre livsløpet til avisa, hadde tre klare fokus: avisteiknaren Ivar "Knipo" Kvåle, fotografen Vidar Herre og eigarfamilien Nybø.

Avisa kom for fyrste gong ut i desember 1883. Den gongen heitte avisa "Vossebladet". Det tok nesten ein månad før neste nummer kom, januar 1884. Men frå den tid kom avisa ut ein gong for veka.

I 1889 byrja avisa å komma ut to gonger for veka, onsdag og laurdag, og i 1893 fekk avisa namnet "Hordaland"

Framover på 1900-talet endra avisa seg meir og meir. Det vart overgang frå gotisk til vanleg skrift. Det kom etter kvart fleire lysingar, og det vart teke i bruk bilete. Frå 1975 gjekk Hordaland over til offset-trykk.

Først i 1977 kom avisa ut tre gonger for veka, tysdag, torsdag og laurdag. Hausten 1994 byrja avisa med fargebilete, og i oktober 2003 gjekk avisa over frå fullformat til tabloidformat. 

Flere bilder

  • Hordaland haustar bokstavar