Dagestadmuseet

Dagestad og drakestil 

Treskjeraren Magnus Dagestad (1865–1957) var ein av dei fremste representantane for drakestilen på Vestlandet. Han grunnla verkstad og treskjerarskule på Voss, og var i mange år styrar for Norsk Kunsthandverksskule.

Dagestad gikk i lære hjå Lars Kinsarvik i Hardanger. I læretida møtte Dagestad den første kona si, Helena Bu. Helena dreiv med rosemåling og står bak fargeval og måleri på mange av dei mest kjende arbeida hans.

I 1950, på sin eigen 85-årsdag, opna Magnus Dagestad eit lite museum over livsverket sitt. Etterkomarane hans bygde seinare eit større museumsbygg, som opna i 1977. Her er mange av arbeida til Dagestad utstilte. Hardanger og Voss museum tok over drifta i 2016. Ta kontakt med Voss folkemuseum dersom du ynskjer å besøka Dagestadmuseet.

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794

voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum
Opningstider
September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar
X