– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Butikk og kafé

.

Velkomen til museumsbutikken!

Her kan du finna gåver, bøker og leiker. Me sel handblåsa glas, norskproduserte såper og tekstilar, lokale handtverksprodukt, heimelaga syltetøy og hermetiserte dessertar frå Hardanger, drops og kjærleik på pinne frå Voss.

Me har òg eit godt utval av bøker og hefter, om og frå Voss, om tradisjonar, historiar og opplevingar. Samt barnebøker med dyrebilete frå Voss. 

Våre leverandørar er m.a.:
Bømlasåpa, Design of Norway, Blafre, Vevstua, Britt Bakken keramikk, Sarah Reed, Syse gard, Trollsmed, Noregs husflidslag, Goki, Silverlys Mandal lysstøperi, Oasen aktivitetssenter, Frk. Engsbråten.

Kom gjerne innom og sjå kva me har!

 

Velkomen til kaféen!

Me serverer kaffi, te, varm blåbærsaft og kald drikke. Her kan du òg kjøpa lappar og andre kaker. Me har òg vegansk, glutenfritt alternativ.
I tillegg til lokale søtsaker frå Frk Engsbråten.

Om sommaren kan du sitja ute og nyta utsikta over Vangen og Vangsvatnet. Om vinteren har me fine akebakkar. Gratis utlån av rumpeakebrett. 

Grupper som ynskjer kaffi og kake må bestilla på førehand, tlf: 474 79 794