Norsk English

Byggeskikk i vossabygdene

Voss folkemuseum

28.11.2018 19.30 til 21.00

Nytt føredrag om byggeskikk og arkitektur!

Denne gong med fokus på vossabygdene og med ingen ringare enn professor, forfatttar og tidlegare fylkeskonservator Nils Georg Brekke.

Med tittelen «Byggeskikken i vossabygdene - frå mellomalderen til det store hamskiftet på 1800-talet" vert me tekne med til røystover og tun i våre områder gjennom fleire hundre år.

Nils Georg Brekke har gjort svært mykje for å bevare og formidle byggeskikken på Vestlandet. Han har vore i front når det gjeld nytenking på områda han har ivra for. Han var tidleg ute og lanserte tanken om vern gjennom bruk som i dag har blitt eit sentralt omgrep i det offentlege kulturminnevernet.

Han står bak ei mengde publikasjonar åleine og saman med andre, Norsk arkitekturhistorie, Kulturhistorisk vegbok, Røystova, saman med Ole Didrik Lærum. For å nemne nokre. Ei rekkje prisar høyrer med til merittlista:  berre i år har han motteke både Norsk Kulturarvs ærespris og Fortidsminneforeningens offisielle hederstegn Urnesmedaljen.

Nils Georg Brekke er framleis i full driv og aktiv med ulike kulturprosjekt. Onsdag 28. november kan du høyre han på Voss folkemuseum.