Norsk English

Bokpresentasjon, signering og kafe

Voss folkemuseum

03.10.2018 19.30 til 21.00

Radarparet bak bøkene Norges låver og Av Stein er tilbake med bok om Klyngetunet

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth kjem til Voss folkemuseum onsdag 3. oktober.

Mange trur at bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun. Men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. Mølstertunet er eitt av dei freda eksempla som har overlevd til vår tid.

Boka  fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet. Den fortel dessutan om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, planleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast i felleskap. Det vert signering, sal og kafe etter presentasjonen.  Hjarteleg velkomen!