– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

3D Gamle Vangen

Vangen anno 1930

Animatøren Mads Ringdal har laga ein digital modell av bygdesenteret Vangen, anno 1930. Her er det råd å gå gjennom gatene på Vangen, slik dei såg ut ti år før tyske brannbomber la det meste i grus. Modellen dekkjer området frå Fleischer’s hotell til Langebrua.

Dette er eit pionerprosjekt, og me kjenner ikkje til at andre museum har gjort noko liknande. I arbeidet brukte Ringdal foto, skriftlege og munnlege kjelder, og har i tillegg hatt med seg ei kunnskapsrik referansegruppe – Kjell Herheim, Terje Olsen, Peder Ringdal, Gunnar Hemre Ringheim og Reidar Ringheim.