Norsk English

Open dag på Nesheimstunet

Nesheimstunet

28.09.2014 12.00 til 15.00

Fyrstkommande sundag inviterer Voss folkemuseum til open dag på Nesheimstunet. Det er fritt tilgjenge, og dei fleste husa vil vera opne for publikum.

Voss folkemuseum kjøpte Nesheimstunet i 1970. Tunet ligg litt for seg sjølv i nordenden av Lønavatnet, og dei tretten bygningane på tunet står der dei stod då garden var i drift.

I 1977 gav museet ut eit hefte om Nesheimstunet, skrive av den framståande bygningshistorikaren Arne Berg. Heftet kjem no i ny utgåve, med fleire bilete og meir spanande formgjeving. Heftet vert å få kjøpt sundag.

Det er nokre år sidan det var faste opningstider der, så dette er eit sjeldant høve til å koma inn i bygningane. Det vert enkel servering dei timane tunet er ope.