Norsk English

"Eventyr og segner i veven"

Mølstertunet

28.02.2013 18.00 til 21.00

Ei fargerik og vakker biletvevutstilling opnar torsdag 28. februar kl 18

Liv Ystaas og Berly Thue fekk begge stor interesse for biletvev etter kurset dei gjekk på i 1968. Sidan då har hendene deira vore flittige i veven. No stiller dei ut 44 små og store teppe i samlingsbygget på Mølster.

Program: Musikalsk innslag v/ Ole Bull akademiet. Turid Nygaard, deira fyrste lærar, fortel om korleis det starta, og Marit Wæhle opnar utstillinga.

Kaffi og lappar. Fritt tilgjenge.

Utstillinga vert ståande til 5. mai.