Norsk English

Konsulent 50% stilling

Hardanger og Voss museum har ledig vikariat som konsulent i 50 % stilling ved Voss folkemuseum i tolv månader frå 1. mars.

Arbeidsoppgåvene inkluderer mellom anna førefallande kontorarbeid, sentralbord, billettsal, marknadsføring, ansvar for museumsbutikk og arbeid med nettstaden. Du kan òg verta med i eitt eller fleire av prosjekta ved museet.

Du bør ha relevant utdanning, ha gode datakunnskapar, vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna arbeida sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil vera viktige.

Me kan tilby ein interessant og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø, og du må pårekna samarbeid med dei andre avdelingane i Hardanger og Voss museum. Løn etter gjeldande regelverk. Det kan verta aktuelt med fast tilsetjing etter at vikariatet er over.

Send søknad med CV til personal@hvm.museum.no seinast 22. januar. For meir informasjon, ta kontakt med styrar Eirik Helleve, 908 03 570.